Jessie-Karin Seim Arnestad (19)

– Ingen av foreldra mine har raudt hår. Ikkje bror min, heller. Men bestefar på farssida var raudhåra i unge dagar. Det er mange myter om folk med raudt hår. Ei er at dei ikkje har sjel, ei anna at me er så hissige. Begge delar er sjølvsagt feil. Seier du noko anna, vert eg hissig! Eg er glad for håret. Einaste prisen er at det følgjer med hud som treng faktor femti, så snart sola er framme. Den store trøysta er at nyare forskning peikar i retning av at raudhåra er meir intelligente, har eg lese. Det trur eg på!