- Eg var bilmekanikar i Suldal då eg var ung. Som 22-åring fekk eg ein sjukdom som på kort tid gjorde meg heilt blind. Då måtte eg reise til Bergen for å få hjelp til å finne nytt arbeid. Det klarte eg. Ikkje berre det, men eg fann meg kone og. Eller rettare sagt, det var nå ho som fann meg. No er eg aleine, men har barn og barnebarn, hus og hytte. Sjølv om eg ikkje ser, ser eg likevel lyst på livet.