Margun Tveit (65)

- Det er eg som lyt til pers når hekken skal trimmast. To-tre meter opp i stigen gjer meg ingenting. Gubben likar seg best på bakken. Me møttest på dans i Bergen. Eg, 19 år frå Øygarden. Han, 18, frå Tysnes. Kva det var eg fall for, hugsar eg ikkje. Det var ikkje danseferdigheitene, det er sikkert! Faktisk so dansar han mykje betre no enn då. Me enda opp her på Søfteland, og det har gått veldig fint på alle måtar. Den største gleda er friske og flinke barn og barnebarn. For min del er eg laga slik at eg ser lyst på alt uansett.