– Fyrst kom Falk. På dagen to år etter, kom Ronja. Så no er me blitt fire. Eg har hjarterom til fleire, helst skulle eg hatt ein heil flokk. Men leilegheita vår er for lita. Det er så utruleg kjekt å bu her på Nordnes. Folk helsar og seier hei. Det er i byen, men likevel eit nabolag. Eg likar nabolag. Det hender at leilegheiter som passar for familiar er til sals, men dei er alltid utanfor vår rekkevidd. Det er proffane som kjøper, og like etter blir dei fylde opp med studentar. Dei skal og sjølvsagt bu, men stadige utskiftingar skapar ikkje akkurat godt nabolag.