Borghild (94) og Jørund (100) Unneland

- Eg var 20 år gamal og på tante si seter ved Osevatnet på Gullfjellet, då Jørund kom gåande. Då eg såg han, var det kjærleik ved første blikk. Etter fire år gifta me oss i Ytre Arna kyrkje. Det var 8. mars for sytti år sidan. Det var så bitande kaldt den dagen at vatnet hadde frose. Dei som skulle stella i stand mat og ordna til for brullaupsgjestane, fekk eit svare strev med å bera vatten. Då me skulle gå inn i kyrkja, gjekk straumen, og då verka ikkje orgelet, heller. So det vart til at me gjekk over kirkegolvet i stille. Vel på plass inne i kyrkja, viste det seg at presten mangla. Etter ein time i uvisse, kom han hastande, og med han kom også lyset attende. Vigsla gjekk fint, og organisten stemde i med flott utgangsmusikk. Men då me var komne halvvegs ut, gjekk straumen igjen, og det vart stille. Men sidan har alt gått fint med oss to, og me gler oss over at me enno bur i heimen vår og har det godt.