Jan Helge Løkeland (70)

– Eg var 17 år då me fekk ljos heime på Atløy. Du veit, dei venta i det lengste med å føra straumen til utkantane i von om at folk skulle flytta derifrå. Det var lite pengar heime, men mor og far klarte å senda meg på gymnas. Som 21-åring reiste eg til sjøs. Dei fire første månadene var eg på jordomsigling med «Star Ballerat», men turen var inga god oppleving. Som førstereisgut med gymnas, vart eg eit mobbeoffer. Ungguten med utdanning måtte ikkje tru han var noko. Likevel vart det sjømannslivet for meg heilt til helsa svikta, og eg måtte gå i land. Eg har vore aleine, med unnatak av eit kortvarig ekteskap for mange år sidan. Forholdet var for dårleg fundamentert. Det vart berre ei tvangstrøye, så der fekk eg svidd fingrane kraftig. I grunnen har eg alltid vore sjenert når det gjeld damene. No vonar eg berre at eg får bu i fred her på Sjøfarendes aldershjem på Nordnes i den tida eg har att.