Rickard Willemoes ( 31 ) Mari ( 6 mnd )

- Det er namnedag for Mari idag. Ho er kalla opp etter Marit og Marina, bestemødrene på begge sider. Eg skal bera Mari fram i Grieghallen til seremonien, der ho får tildelt namnetavle som eit varig minne. Etterpå skal det vera stort selskap for heile familien, som er komne frå Finland, Sverige, Oslo, Norheimsund og Dale i Sunnfjord. Å bli far er utvilsamt det største som har hendt meg. Det er eit fantastisk, nytt liv og stor glede kvar einaste dag.