Aud Astrid Aase (77 pr.i dag)

- Eg har køyrt moped i førti år. Det har alltid gått godt, med nokre få unntak. Ein gong pressa ein trailer seg forbi meg på ein smal veg her på Askøy. Det bakerste hjulet sneia borti meg, og eg vart kasta ned ei skråning. «Korleis går det med mopeden?», tenkte eg då eg rulla nedover. Me var heldige og kom frå det med nokre skrammer, begge to. I alle åra eg arbeidde som nattevakt på B-sjukehuset på Laksevåg, køyrde eg moped, sommar som vinter. Alle mopedane mine har vore som vener for meg. Eg køyrer dei så lenge dei går, og kvir meg alltid til å byta til ein ny.