Even Torleif Grimsrud (73)

– Eg har satsa på sjøvegen heile livet, landevegen er ikkje noko for meg. Denne snekka kjøpte eg ny frå Rolfsnes på Bømlo i 1978. Sidan har me tøffa kysten i lag. Ho er så tung og trygg i sjøen. Båten og songen er mine store gleder i livet. Nesten kvar torsdag syng eg i Peterskirken i Stavanger. Aleine og utan musikk. Mine beste songar er nok «O Store Gud» og «Bred dina vida vinger». På begge kjem tenoren min til sin rett. Nokon kjærast har eg aldri hatt. Det var nære på ein gong, men det tok slutt før det vart alvor. Men når du kjem sjøvegen, er det alltid nokon som vil slå av ein prat, så einsam er eg ikkje.