- Torbjørn og eg er framleis i tvil om kva me skal stemma. Mor vår er lærar, og det er bror min og eg, også. Før var det Venstre som var lærarpartiet, men så enkelt er det ikkje lengre. For oss veg skulepolitikken tyngst. Sist stemde eg på dei grøne og var sikker i mi sak, men no er eg fire år eldre og usikker. At det skal stemmast, er sikkert, så det må takast ei avgjerd. Det bror min og eg diskuterar no, er rett og slett : Kven er til å stola på?