Leon Seilen (19)

– Eg har hatt musikk rundt meg sidan eg var liten. Då eg var fire år, snikra mamma og eg gitar av ein planke. Ikkje lenge etter fekk eg gitar av besten på Osterøy. Sidan har musikken og gitaren vore livet mitt. No er eg på eit nivå der eg kan leva av musikken. Det er ikkje mykje, men får eg nok til å leva stabilt av spelinga, er det godt nok. Eg har sett av ti år frå no. Blir det ikkje suksess innan då, gir eg meg. Då veit eg at eg iallfall har prøvd.