Jan Are (58)

– I morgon tidleg set eg kursen nordover. Først vert det seifiske, men litt ut i februar startar det store eventyret. Då kjem skreien til Lofoten. I fjor kom eg meg ikkje av garde, fordi doktoren fann ein svulst i halsen på meg. Dei meinte det kunne vera kreft, og ville operera med ein gong. Rett før hadde eg fått eit godt bod på båten min, så eg let han gå. «Eit problem mindre», tenkte eg. Det skulle eg ikkje ha gjort, for då dei fekk sneia opp halsen min, viste det seg å vera ufarlege greier. No er eg i toppform med splitter ny båt! Når eg vender heim i slutten av mars, skal kvoten min på 24 tonn av den finaste lofottorsk, vera fiska opp.