Kjellaren til besten

Begge bestane mine var hendige karar. Alf, bestefar på Voss var fødd tidleg på 1900 talet, då Noreg var av dei fattigaste landa i Europa. Han var vand med å ta vare på ting, samle på ting og lage ting. Inntil den metertjukke muren i kjellaren, står ei greip der handtaket er av kvit plast, surra inn med leidning. Skaftet på langorven er limt saman og surra med raud tape. I kjellaren, der besten heldt til, er mykje teke vare på. Det kan kome til nytte ein dag. Ting skal brukas og reparerast, veit du. Han snikra og vølte det meste. Svidde smalahove og laga slipestein med vaskemaskin-motor. Fiksa Aurlandssko og sydde. Ikkje slik som i dag, når Noreg er blant dei rikaste landa i verda. No er det bruk og kast som rår. Besten levde til ut på 1990-talet, men no har huset frå 1898 fått nye eigarar, og er ute av slekta. Før huset vart seld og kjellaren rydda ville eg fotografere minna frå ei anna tid.

Kjellaren til besten

Begge bestane mine var hendige karar. Alf, bestefar på Voss, var fødd tidleg på 1900 talet, då Noreg var av dei fattigaste landa i Europa. Han var vand med å ta vare på ting, samle på ting og lage ting. Inntil den metertjukke muren i kjellaren, står ei greip der handtaket er av kvit plast, surra inn med leidning. Skaftet på langorven er limt saman og surra med raud tape. I kjellaren, der besten heldt til, er mykje teke vare på. Det kan kome til nytte ein dag. Ting skal brukas og reparerast, veit du. Han snikra og vølte det meste. Svidde smalahove og laga slipestein med vaskemaskin-motor. Fiksa Aurlandssko og sydde. Ikkje slik som i dag, når Noreg er blant dei rikaste landa i verda. No er det bruk og kast som rår. Besten levde til ut på 1990-talet, men no har huset frå 1898 fått nye eigarar, og er ute av slekta. Før huset vart seld og kjellaren rydda ville eg fotografere minna frå ei anna tid.